09.feb.2010

Eg må innrømme at eg ikkje heilt veit kvifor eg kjem med eit innlegg på bloggen min akkurat no. Eg er ein heilt elendig bloggar, og oppdaterer alt for sjeldan, og no, når eg faktisk ikkje har noko å blogge om så..ehh... hehe. 

Vel, eg kan jo seie takk for alle gratulasjonane eg fekk på bursdagen min, fredag 5. februar. Det var utruleg koseleg! Vart inga feiring, for første delen av dagen fram til 13.45 gjekk med til skule. Og ca kl 14.00 reiste vi med buss ifrå Sand. Vi var i Oslo i helga og spelte 1.divisjons rankingturnering faktisk. Eg fekk ikkje spele noko særleg på laurdagen, og etter meir enn tolv timar i hallen den dagen var eg ganske lei. Kunne likevel ikkje vere skuffa, for som førsteklassing skal ein ikkje forvente speletid i det heile! Uansett, på søndagen fekk eg spele så og seie heile kampen. Det var heilt sinnsjukt kjekt, og eg må innrømme eg spelte på omlag mitt beste. Iiih, det må gjerast fleire gonger. Eg håpar verkeleg eg får vere med på neste ranking, i byrjinga av mars. 

Ettersom eg oppdaterer så sjeldan veit eg ikkje kva eg tidlegare har skrive. Det er eigentleg ganske upraktisk, for det må vere ganske kjedeleg å bli utsett for same "nyhendene" gong etter gong, når dei kanskje ikkje er så interessante for deg som for meg sjølv. Hihi! I alle fall tenkte eg at eg kunne nemne at eg kjem heim til Volda 19.februar. Eg gler meg noko utruleg. I jula hadde eg bestemt meg for å bruke ein del tid saman med vener, men det endte med at eg var heime saman med familien nesten heile tida. Dei få dagane eg skal vere heime no skal eg utnytte betre! Ja, for få dagar blir det nok desverre. Eller, eigentleg ikkje desverre, for tenkt, klassa mi skal til Polen for å trene, og spele treningskampar. Eg gler meg verkeleg! Oppleving for livet tenkjer eg. 

Eg lengtar litt etter å høyre frå kjære Ingrid som har reist tilbake til India. Der skal ho vere i tre månader, så eg håper ho/ du dersom du les dette Ingrid oppdaterer bloggen sin/din i blandt. Her finn du den. Ta ein titt da vel!


Eline♥

31.jan.2010

Nok ei ganske innahldslaus helg er snart over. Nokså trist eigentleg, men det har vore ganske hærleg. Når ein har slike helger då ein ikkje gjer så mykje anna enn å rydde, sitte foran TV'n eller dataen, eller berre snakke med folk, og kosar seg med litt søtsaker og snacks har ein som regel litt ekstra energi når veka byrjar på att. Tross i at mondagar byrjar med å stå opp kl. 6, for så å trene kl.7 Hehe!

Eg kan jo oppsummere helga mi litt, det kan ikkje vere særleg vanskeleg.

I går rydda eg rommet, satt på datan, såg sportslaurdag (berre litt....), såg The Mirrors på kvelden. Eg baka supergode scones, såg Dr. House. Hærleg! Idag stod eg opp litt tidlegare enn eg brukar i helgene i tilfelle eg skulle på ski, men det vart ikkje noko av ettersom vi ikkje hadde bil, berre sjofør. Vart litt skuffa, men den tida eg då sat att med før frukosten brukte eg til å gjere nokre oppgåver av matteinnleveringa. Etter frukosten såg vi ein film, men eg hugsar ikkje kva den heitte. I tillegg såg eg ein del av sportssøndag på nrk, og sat på dataen. I to-tida drog eg bort i hallen og trente litt styrke. Tok det svært med ro, og gjorde det eg hadde lyst til. Var igrunnen ganske kjekt. 

Vi hadde god middag i dag, og sjokoladepudding til dessert. No hadde eg eigentleg tenkt meg ein tur bort i hallen for å spele litt volleyball, men eg veit ikkje om eg orkar. Vart pluseleg så kvalm... 

Neste helg blir det kanksje tur til Oslo, og rankingturnering. Det hadde vore kjempekjekt! På fredag har eg bursdag, og eg gler meg. Tihii :)


Eline♥

Vinterkulde

Det snør det snør
tiddelibom
D'er det det gjør
tiddelibom
Nå snør det mye mer enn før
tiddelibom,
 og hutte meg tu

Så kaldt det er
tiddelibom
jeg kjenner det her
tiddelibom
jeg kjenner det på mine tær
tiddelibom
og hutte meg tu



Ah, eg er så glad i vinter! No hadde eg eigentleg tenkt å leggje ved "Det snør, det snør" videoen frå nrk, for å skape litt stemning, men eg fann den ikkje... I staden spør eg deg om du hugsar Portveien 2..? Eg må sjølv innrømme at omlag det einaste eg hugsar er Raffen. Tihii! :) Ta ein titt på denne linken, og sjå om du kjenner det att.

I dag skal eg bake scones, og i alle fall prøve å bake slike scones dei selg på Mylna. Dei er så gode! Dersom du vil ha oppskrifter frå enkelte Mylna-varer kan du besøkje heimesida deira. Det kan godt vere resultatet ikkje blir like bra som eg håpar på, ettersom eg verken har mylna-speltmjøl eller mylna-havregryn. Kanskje kjem det eit lite innlegg når eg er ferdig å bake!


Eline♥

Å vere akkurat passe vaken, og akkurat passe trøytt

I dag, då eg vakna av vekkarklokka mi, kl 07.15 tenkte eg først at, søren, eg orkar ikkje å stå opp. Men dette er tross alt noko eg tenkjer kvar dag, og det var overraskande enkelt å stå opp. I alle fall følte eg meg mykje meir vaken enn det eg til vanleg gjer når eg står opp og går ut i den lyse gangen på veg mot doen. Haha!

Vi hadde "morgontrening", kl 10.00, etter to timar med naturfag. Det var i dag Bonolo som trente oss. Ho har lagt opp eit slags treningsprogram til oss, for at vi skal få betre kondisjon. Då er mange av øvelsane ei blanding av bevegelske og ballkontroll. Det er kjekt, men veldig slitsamt! I dag hadde vi først ein øvelse der vi berre skulle springe. Dykk som spelar fotball har sikkert vore med på den fleire gongar. Eg kan ikkje hugse kva ein kallar den, men det er slik at du først skal springe til ei kjegle, så tilbake til den første, så til neste kjegle litt lenger unna, og heilt tilbake osv.. Det var omlag fem kjegler i alt, og vi skulle springe i 30 sek. Så var det 35 sek pause, før vi gjorde alt omatt. Tilsaman sprong vi seks gongar. Eg må seie eg har verkeleg trua på treningsopplegget hennar! 

Det kjekkaste på treninga i dag var nok då vi skulle slå så hardt vi kunne på ein annan. (sjølvsagt skulle vi kontrollere slaget...) For at vi skulle klare å gi alt måtte vi brøle då vi slo til ballen. Det var sinnsjukt morosamt! Berre tenkt deg tolv jenter stå og brøle skikkeleg medan dei slår ein ball. Tihii!!

På tysdagar har vi trippel engelsktime. Bah..! Det er som regel svært kjedeleg, men byrjinga av engelskøkta i dag var faktisk litt interessant. Vi såg ei episode av ein BBC serie, som handla om Madagaskar og eit rart dyr kalla Aye-Aye, som berre finnast akkurat der. Nesten alle i klassa mi låg og halvsov, men eg må stolt fortelje at eg ikkje eingong var på nippet til å sovne! Eg er visst ganske vaken i dag. Det er godt å tenkje på, for seinare skal vi ha styrketrening med Hans Åge, med heile klassa, og det er oftast veldig slitsamt, så då treng eg all energi eg har!

Har du hatt ein spesielt god treningsdag i det siste, der du har kjendt deg ekstra vaken og opplagt?


Eline♥

Mykje reising, men verdt det var det!

Då var enno ein juleferie over. Det har vore så utruleg koseleg denne jula, med familie og vener, snø på bakken, nokre dagar ski på beina, og andre dagar skøyter. Det har vore fleire aketurar der det kila i magen, og nokre indiske måltid som verkeleg fekk halsen i brann. Mange flotte gåver fekk eg i julegåve, og ikkje minst var det kjekt å gi vekk gåver som andre vart glade for! Denne jula har vore fantastisk! Den kunne gjerne ha vore lenger, for så alt for mykje sosialt samver med venane mine hadde eg dessverre ikkje, men eg traff alle eg ønskte å treffe, i alle fall nesten...

Eg må ikkje gløyme å nemne landslagssamlinga eg var på her på Sand. For å seie det slik, så angrar eg ikkje det spor på at eg var med. No har eg ny motivasjon til å halde fram med jobbinga på treningane framover. Sjølv om eg ikkje kom vidare til resten av samlinga, og kampane og slikt, er eg nøgd med eigen innsats, og hadde det svært kjekt, og det er vel tross alt det viktigaste, eller kva?

Det vart mykje reising opp og ned, og eg er redd planen min om ikkje å sette ifrå meg eit alt for stort miljøfotspor ikkje gjekk heilt som planlagt. Med ein del småforseinkingar og slikt har eg likevel kome meg fram til slutt, kvar gong. Tihi!

Eg ynskjer med dette innlegget å takke alle som har vore rundt meg i jula, for den kjekke tida vi hadde saman, samt å seie at eg gler meg til å treffe igjen alle Topp Volley folka som eg ikkje har sett noko særleg av dei siste vekene!

Eline♥

Jul, jul, strålande jul!

Ah, det er verkeleg hærleg å vere tilbake i Volda! Eg kom heim på laurdag, etter ein lang morgon med diverse flyturar. Det einaste eg hadde ete til frukost var flyfrukost, som består av ein liten tebriks og ein desiliter juice. Haha! Gjett om eg var svolta då eg kom heim! Eg og pappa laga oss eggerøre og vi åt røykalaks. Perfekt start på ferien!

Etter at eg kom heim har eg truffe så og seie alle vennane mine! På sundag var eg borte hos Aurora, der det var mange andre også, der vi baka pepparkaker og forma marsipan. Det var verkeleg morosamt! Wendi påpeikte at det måtte vere dei mest fargerike pepparkakene dei nokon gong hadde laga. Tihi!

Og tenk, i går morges kom Ingrid heim frå sitt tre månadars lange opphald i India. Det var utruleg kjekt å sjå ho att, det må eg berre seie. Ho hadde med seg så godt som ein heil koffert med berre indisk mat og kle, tenk så spanandes. Og no nettop fekk eg smake på noko ho kalla samosa. Det var utruleg godt, og så var det så krydra. Ho kjem nok heilt sikkert til å sakne den indiske maten!

Dessutan er så godt som alle julegåver ferdige, og det er deilig å sleppe å tenke på det! I går var resten gjort unna, og det undra meg kor lett det plutseleg var. I går kveld var eg nede i hallen ein tur, og det var fint og løpe rundt på det velkjende gummigolvet. Haha! Sidan alle på laget mitt og på "damelaget" var på Vardefest var det ingen som var der for å trene, men der var ein del gutar og eldre menn som ville ha meg med å spele. Eg var først veldig nervøs, men det gjekk i grunnen fint, og kjekt var det! Eg kjem nok ikkje til å få trent så mykje som eg burde i ferien, men då er det godt eg skal på samlinga i ferien, for der blir det verkeleg mykje trening.

Forresten baka/ steikte/ smurde mamma og eg lefser i går. Det kjem til å bli ein tradisjon. I fjor var første gongen, og det blei så godt som perfekt, og i år tenkte vi at vi skulle gjere det same. Og tenk så vart dei ganske så supre i år igjen! No gler eg meg berre til å få smake på dei, det kunne eg nemleg ikkje gjere då vi laga dei, fordi eg hadde pussa tenna, dumme meg... I dag har eg berre tenkt å kose meg. Har igrunnen ikkje så mange planar for føremiddagen, men i kveld skal eg på New Moon saman med Ingrid og Eivind. Dei har visst ikkje sett den enno...! Etter det kan det vere eg skal på juleverkstad heime hos ei veninne av Ingrid, men om ikkje går eg nok heim og legg meg i staden. Eg er så sinnsjukt trøytt fordi eg har sove så aaalt for lite dei siste nettene. Tihi!

Har du teke juleferie enno? Har du nokre særskilde planar for ferien?

Eline♥

Ordentleg slapp på skulebenken for tida...

Ja, det har eg altså vore! Særleg når det gjeld å gjere skulearbeid. Sjølv om eg ikkje har noko eg MÅ gjere så BØR eg faktisk t.d. rekne matte, for neste tysdag er det tentamen, og... i helga skal eg til Stavanger til supre familien Bruns. Det gler eg meg verkeleg til. Dei brukar alltid å finne på kreative ting, særleg for å gjere det ekstra koseleg for meg ettersom eg bur så langt heimanifrå, og fordi dei er slik til vanleg. Eg har lova min vesle tremenning, Jenny, å gå på juleshopping med ho, og ein lovnad er ein lovnad! På mandag skal det vere julebord her på internatet. Eg ser fram til å pynte meg, og ete julemat, men aller mest kanskje det sosiale? Men som du kanskje forstår så får eg ikkje mykje tid til matte frå fredag av, så før det bør eg faktisk byrje! I staden for å gjere skulearbeid sit eg på rommet mitt og ser Jul i Svingen, og lagar julegåver. Er er ikkje eingong litt sosial! Eg blir irritert på meg sjølv, men det er så avslappande å berre bli sitjande.

Forresten så har vi ei norskoppgåve som skal leverast inn før julaftan. Då tenkjer du kanskje "chill" med ein gong eg seier at det går ut på å skrive/tolke ei novelle, men spør du meg er ikkje det særleg "chill". No har eg faktisk såtte i ganske MANGE norsktimar utan å få ein einaste idé om innhald til novella. Trur faktisk eg kjem til å gi opp, og byrje på analyse i staden... Er du flink til å finne på noveller?

Eg "slit" forresten framleis med å brenne lyset mitt i tridt med dagane i desember. Eg trur eg snart når nr. 8, men det inneberer at eg knekk av kantane og hell ut flytande stearing for at det skal gå framover. XD

Jaja, gler meg iallefall utruleg mykje til juleferien. Blir så hærleg å sjå familien og anne venene i Volda igjen! Og berre det og sjå Volda i det heile blir utruleg kjekt. :) Så er det jo jul, som alltid er koseleg. Etter nokre dagar med jul reiser eg til Sand på samling. Korleis det går, og kva eg skal deretter får vi sjå på. Gler meg igrunnen veldig, men grur meg samtidig. Alle er så gode!  Tihi:)


Eline♥

Eit håp om ei super jul! :)

Tihii! I går skreiv eg eit litt stressa innlegg, om at eg har blitt teken ut til bruttotroppa U19 landslaget, til samling her på sand i romjula. Det verka kanskje som om eg såg på det som ein smule negativt, så eg tenkte eg berre skulle seie at eg faktisk er UTRULEG glad, og set verkeleg pris på det! Tingen er det at det kom så brått på meg, så no er eg litt usikker på kva eg eigentleg vil.

Sidan sjangsen for at eg skal bli teken ut til vidare trening og EM-kvalik. etter 30. desember er det kanskje mogleg at eg reiser heim att den 30., i så fall på kvelden, for så å kunne feire nyttår med den fantastiske familien min heime i Volda. Då vurderar eg å ta meg ein dag fri, slik at eg kan reise ned til Sand igjen den fjerde. Om eg gjer det slik som her planlagt (om eg vel samling, og om eg ikkje kjem vidare...) så kan jo jula bli nokså super likevel. Igrunnen enno suprare enn det som først var planlagt. Fleire av det små problem som følgjer er det at det ligg ein del pengar i all reisinga, og eg set eit nokså stort fotspor etter meg om det blir flying... :(

Men noko som skal vere sikkert og visst er at eg verkeleg trur at denne jula blir super uansett kva eg finn på! Er ikkje du einig?

Har du planar for jula som er litt utanom det vanlege, eller blir det kakespising og juletrefest som tidlegare kanskje?

Tenkte òg eg kunne benytte anleidninga til å fortelje litt om julekalenderen min. Den er ganske artig i grunnen, og består av små pakkar festa til ein søt nisse i tre. (Bilete ligg på tidlegare blogginnlegg;)

-Første dag fekk eg eit digert lys med datoane fram til jul. Må berre seie det at eg ikkje heilt har klart å brenne nok kvar dag, så det kan vere berre omlag halve lyset er nedbrendt når eg vender nasa nordover.
-Dag nr. 2 fekk eg oppskrift på julemannar. (dette var noko eg tidlegare hadde spurt etter...)
-Dag 3 fekk eg kakeformer (mann/kone/stjerne/hjarte- til å stikke ut kaker med når ein bakar julekaker;)
-Dag 4 fekk eg oppskrift på pepparkakedeig og ein pakke tyggis (trur dessverre ikkje eg får baka pepparkaker, men oppskrifta var på eit fint julekort som eg iallefall har hengt opp :)
-Dag 5 fekk eg ein pakke julete (som er har satt godt igang med å bruke- den var særs god!)
-Dag 6 var det nokre små hårklyper som låg i pakken (tenkte eg skulle bruke dei til å sette opp håret på julebordet)
-Dag 7--> i dag, fekk eg mest sannsynleg den raraste pakken: tannstikkarar! (kanskje litt skuffandes, men kven veit, plutseleg får eg bruk for det. Kanskje til og med til noko anna enn å pirke ut mat frå tennene...?)

Så får vi sjå i kalenderen i morgon. Førebels sit eg her og brenn lys og skal til å skrive naturfagsrapport om hudkremlaginga forrige tysdag. Det var kjekt og anbefalast som forsøk til alle! :))


Eline♥

Jippi, men nei, åh... kva skal eg gjere?

Eg gler meg slik til juleferien! Sjå familien og alle venene mine att, og vere mykje heime. Men no er det plutseleg slik at det kanskje ikkje blir slik eg hadde håpa. Eg er nemleg tatt ut til bruttotropp landslag U19-samlinga som skal vere her i romjula! Deretter blir det uttak til EM-kvalik, men det så godt som veit eg at eg ikkje kjem til å bli tatt ut til. Poenget er jo at eg må melde frå om eg skal delta. Sjølvsagt har eg lyst, og eg hadde jo aldri trudd at det skulle skje berre det å kome i bruttotroppa, i alle fall ikkje så tidleg som etter berre eit halvt år ved TVN! Eg har gledd meg slik til ferien, og har nesten håpa på å ikkje bli tatt ut, fordi eg ønskjer så utruleg å vere heime. Men tenk for ei oppleving...

Må nok snakke litt med dei heime før eg tek avgjerdene. Men, så KJEKT å bli tatt ut! :D

Forresten var eg i Egersund i Julebyen på laurdag. Det var særs koseleg, med små boder over alt, nissegraut og julebrus, drops og brende mandlar. Men vêret var dessverre ikkje på topp, så det var veldig kaldt og gå rundt å sjå i lengda. Takk for ein hyggeleg tur til Egersund, Emilie, og for at eg fekk bu hos deg. Det var koseleg!


Eline♥

Berre nokre timar att...

Ja, no er det altså berre nokre timar att til 1. desember. Dvs, første dagen i advent. Eg gler meg noko utruleg! Mamma har laga adventskalender til meg, med små pakkar til kvar einaste dag faktisk. Sidan vi er fire søsken i familien har vi alltid hatt det slik at vi har opna kvar fjerde dag. I fjor, då Ingrid ikkje budde heime opna vi kvar tredje dag, og i år, sidan mamma synest at eg flytta heimanifrå litt for tidleg laga ho ein heilt eigen kalender til meg. Så koseleg! I kveld har eg hengt den opp, og veit du kva; i morgon får eg iallefall den tyngste gåva. Skal prøve å hugse å skrive litt om kva eg får i kalenderen av og til... :)

frjulstid2009 008
Kalenderen min der den heng.


I tillegg til å henge opp kalender har eg idag tend raudt julelys. Eg har hakka nøtter og blanda dei med rosiner, som i morgon skal "drikkast" saman med årets første kopp med gløgg. Så har eg laga "pyramide" med klementinar. Samt vaska rom, og tatt svineinfluensavaksine. Forresten trur eg det er den minst vonde sprøyta eg nokon gong har tatt! (Byrjar å bli litt vand med slike små stikk etter at å ha fått nokre nåler i nakken eit par gongar...) No, før eg legg meg, hadde eg eigentleg tenkt å jobbe litt med nokre julegåver, men eg veit ikkje kor mykje eg eigentleg rekk før eg må legge meg. Jaja! Fin har dagen vore likevel. Eg legg ved nokre bileter av noko av det iallefall eg skal kose meg med i løpet av advent.

frjulstid2009 005  frjulstid2009 006  frjulstid2009 007
NAM!


Eline♥





Les mer i arkivet » Februar 2010 » Januar 2010 » Desember 2009
Eline:))

Eline:))

17, Volda

Eline er ei jente på 16 år ifrå Volda. For tida oppheld ho seg på "fagre Sand" i Rogaland, der ho går på Topp Volley Norge. Eline er altså svært glad i å spele volleyball, men ho har faktisk andre interesser òg. Ho spelte fotball heilt til ho flytta heimanifrå, og ho likar dessutan å synge og spele piano. Ho er rett og slett ei allsidig jente. Glad i venene og familien sin er ho òg, berre så det var sagt. :)

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits